Og alt som de gjer i ord eller gjerning, gjer det alt i Herren Jesu namn, med takk til Gud Fader ved han!@Kol 3:17
portrett
Trygve A. Bjerkrheim
(1904–2001)

Trygve A. Bjerkr­heim, 1981.

Le­on­ard G. Gud­mund­sen, 1980 (🔊 pdf nwc).

portrett
Leonard G. Gudmundsen
(1924–1990)

Det namnet eg kviskrar når morgonen renn
Og tek det på tunga igjen og igjen,
Er Jesus, er Jesus, er Jesus—Jesus.

Det namnet som tonar når morgonen gryr
Og lever i hugen mens timane flyr,
Er Jesus, er Jesus, er Jesus—Jesus.

Det namnet eg nemner når natti er nær,
Er namnet på han som mitt hjarta hev kjær,
Er Jesus, er Jesus, er Jesus—Jesus.

Det namnet skal vera mitt siste på jord,
Det fyrste eg kviskrar i himmelens kor,
Er Jesus, er Jesus, er Jesus—Jesus.