Katherine Hankey, 1866 (I Love to Tell the Story); Trygve A. Bjerkrheim, 1951.
© Trygve Bjerkrheims litteraturfond, Lunde forlag, Sinsenvn. 25, 0572 Oslo, Norway.
William G. Fischer, 1869 (🔊 pdf nwc).
Kor sælt det er å syngja
Den beste song på jord,
Om Jesus og hans æra,
Hans kjærleik djup og stor!
Kor sælt det er å syngja
Om denne soga sann!
Ho stiller hjartans lengsla
Som inkje anna kan.
Kor
Ja, det er hjartetrongen
Å syngja Jesussongen,
Den gamle, sæle soga,
I æva ljos og lang.
Kor sælt det er å syngja;
Meir fager, synest eg,
Enn alle gylne draumar
Den soga er for meg.
Ho gav meg fred i hjarta,
Og ljos på livsens veg.
Og difor må eg syngja
Den songen òg for deg.
Kor
Kor sælt det er å syngja;
For dei som høyrde best,
Dei lengtar meir å læra
Om det som gled oss mest.
Og når i livsens lundar
Eg syng den nye song,
Det vert den gamle soga
Eg elska her ein gong.
Kor