Vår Gud og Fader…Han vere æra i all æve!@Galatarane 1:4-5
portrett
Fanny Crosby (1820–1915)

Fan­ny Cros­by, 1875 (To God Be the Glo­ry); Vil­helm Grav­dal, 2000. .

W. How­ard Doane, 1875 (🔊 pdf nwc).

portrett
Vilhelm Gravdal
(1966–)

Vår Gud vere æra, for han vann oss von!
Så elska Gud verda: Han gav oss sin son.
Ja oss gav han livet, vart soning for synd.
Han Himmelen opna så kvar kan gå inn.

Kor

Lova Gud! Lova Gud!
Heile verda høyr han!
Lova Gud! Lova Gud!
Alle gleda seg kan!
Å, kom til Gud Fader i Jesus, Guds son,
Og gjev han all æra, for han gav oss von!

Å, fullkomen frelse: Kjøpt fri med hans blod,
Er kvar den som trur, høyr Guds lovnad så god!
Den uslaste syndar som ærleg han trur,
Får tilgjeving når han til Jesus seg snur.

Kor

Han storverk har synt oss, han storverk har gjort.
I Sonen, i Jesus, me gleder oss stort.
Men betre og større vert gleda vår når
Me undrande reisa til Frelsaren får!

Kor